Ein ny heilt ny rapport om helse og trivsel blant barn og unge i Noreg blir i dag publisert.
HEVAS-rapporten er den norske delen av ein stor, internasjonal undersøking i regi av WHO (Verdens helseorganisasjon).
– Eg er uroleg over nokre av resultata knytt til spisevaner hos dei unge. Dei bør få full effekt av eit godt og næringsrikt kosthald, for optimal helse, utvikling og for å hindre overvekt, seier Ellen Haug, 1.amanuensis, Institutt for helse, miljø og likeverd, Det psykologiske fakultetet, Universitetet i Bergen
(Saka held fram etter bilete.)
Jentene ikkje så sunne som vi trudde
– Vi finn at dei yngste norske jentene, 11-åringane, et mindre frukt, og det er fleire av jentene som droppar frukosten i forhold til gutane. Ei mogleg forklaring er at det er ein metode for å redusere dagens totale kaloriinntak med tanke på vekt, seier UiB-forskar Ellen Haug.
Trenden aukar med alderen, og kan sjåast i samanheng med ein aukande merksemd knytta til utsjånad etter kvart som dei blir eldre.
Rapporten viser at dei norske ungdommane likevel er sunnare samanlikna med dei europeiske ungdommane.
– Delen som et godteri og drikk sukkerhaldig brus dagleg er betydeleg lågare