17. mai blir litt annleis i år

Musikkorps kan marsjere og spele i gatene 17. mai dersom dei held to meters avstand. Barnetog blir ikkje lov.

Dagen skal bli markert med ein spesiell festsalutt og allsong av «Ja, vi elsker», sa kulturminister Abid Raja på ei pressefonferanse.

Allsong kl. 13

Nordmenn bør feire nasjonaldagen ved å synge «Ja, vi elsker» i allsong klokka 13 på 17. mai, foreslår kulturministeren. Ei slik felles oppleving vil bli ei flott markering, meiner han.

– Kanskje er det noko som blir ståande i ettertid, at det var dette vi gjorde, sa han då han presenterte ideen.