Ei ekspertgruppe er i gang med å vurdere om det er mogleg å ha elevar og barn i skulane og barnehagane i landet, eller om andre tiltak kan vurderast.
Kan bli opna delvis
Folkehelseinstituttet (FHI) stadfestar overfor VG at dei skal undersøkje smittespreiing blant barn spesielt og at dette arbeidet skal vere klart før påske. Det kan bli aktuelt med delvis opning av skular.
Kunnskapsminister Guri Melby (V) har sagt målet er å opne skular og barnehagar så raskt som mogleg, så lenge smittevernomsynet tilseier det, og for mange byrjar det å haste.
Tilbod for enkelte
I Oslo vil skulebyråd Inga Marte Thorkildsen (SV) gi sårbare barn med behov for eit dagtilbod moglegheit til å vere på skulen allereie på heilagdagane i påsken, ifølgje Dagsavisen.
– Eg håper inderleg at risikovurderingane som no blir gjorde tilseier at det blir mogleg å opne skular og barnehagar etter påske, i alle fall for dei yngste barna, seier ho.
Oppvekst- og utdanningsdirektør i Trondheim, Camilla Trud Nereid, er klar på at dei negative konsekvensane av stengde barnehagar og skular no er for store og for negative vegne opp mot å opne barnehagar og skular igjen.