Er det farleg å ete mat som har gått ut på dato?

Vi kastar for mykje mat. Folk bør lukte meir på maten før dei kastar den, meiner matforskarar.

I Noreg kastar vi fleire tusen tonn med mat kvart år. Aller mest mat kastar vi heime hos oss sjølv, skriv Ung.Forskning.no. Mykje av dette er heilt fin mat.

Dei siste åra har dei som produserer mat prøvd å gjere noko med all denne sløsinga. Dei har endra merkinga på mange varer i butikken. Før sto det «Siste forbruksdag» på varene. No står det ofte «Best før».

Du vil merke det

Når det står «Best før», tyder det at du ikkje treng kaste maten når datoen er passert. Det tyder berre at dei som har laga maten ikkje kan garantere at den er like god som den var før denne datoen. Men stort sett smakar den like godt.

Ole Jørgen Hanssen på NMBU forskar på mat. Han meiner vi bør sjå på maten, lukte på den eller smake på den.

– Du vil sjå, lukte eller smake om maten er dårleg lenge før det blir farleg å ete han.

Meieriprodukt som yoghurt held seg fleire veker etter datostemplinga. Ost kan ein også ofte ete etter datostemplinga, men om det er mugg på ein mjuk ost, bør den kastast.

Noko bør du vera meir forsiktig med

Forskar Hanne Møller frå Østfoldforskning seier til Ung.Forskning.no at vi må vera veldig forsiktig med kjøt og kylling. det same gjeld kjøttdeig, kjøttpålegg, pølser og fisk fisk. Difor er desse matvarene merka med «Siste forbruksdag».

Brød med mugg skal du kaste. Raudt kjøt som luktar surt og er slimete, bør også kastast.

Det aller farlegaste

Det skumlaste du kan gjere på kjøkenet er noko heilt anna enn å ete mat som har gått ut på dato og som framleis smakar heilt greitt.

Matforskarane er mest redd for at vi laga for store porsjoner med mat slik at vi ikkje får sett maten raskt nok i kjøleskapet. Då kan svært farlege bakterier byrje å veske. Det gjeld mellom anna pasta og ris. Dei matvarene må aldri stå på kjøkkenbenken til neste dag. Når dei har kjølna og dampa av seg, må dei rett i kjøleskapet.