Barnebibliotek på Tøyen på lista over verdas kulaste stader

Barnebiblioteket på Tøyen i Oslo er med på lista over verdas 50 kulaste stader i barneutgåva til Time Magazine.

– Dette er så spennnande! Vi er veldig glade for at Deichman Biblo Tøyen er med på TIME for Kids si liste over verdas kulaste stader i 2019. Eg vil gjerne takke TIME for Kids, mine dyktige kolleger og sist men ikkje minst alle dei fantastiske barna og ungdommane som gjer Deichman Biblo Tøyen til ein stad som boblar av kreativitet, læring og moro, seier seksjonsleiar Silje Bjerke til Aftenposten.no.

Det er berre barn mellom 10 og 15 år som har adgang til biblioteket som opna i 2016.