Den nye læreplanen for norskfaget stadfestar at song framleis skal ha ein plass i den norske skulen – men berre hjå dei aller yngste.
– Ein halv siger, seier leiar i organisasjonen Krafttak for sang, Jarle Flemvåg, til avisa Vårt Land.
I den endelege læreplanen er det likevel berre i kompetansemåla til elevane frå 1. til 4. trinn at song står skrive svart på kvitt.
I kompetansemåla til 2. trinn står det at elevane skal kunne «uttrykke tekstopplevelser gjennom lek, sang, tegning, skriving og andre kreative aktiviteter», medan elevar på 4. trinn skal kunne «lese og lytte til fortellinger, eventyr, sangtekster, faktabøker og andre tekster» og «utforske og formidle tekster gjennom samtale, skriving, lek, bevegelse og andre kreative uttrykk».
- LES OGSÅ: Eg blir proffull av glede når eg syng