Inne i Kongens Gruve

Ada (10), Nora (11) og Vida (6) har undersøkt sølvgruvene som tilhøyrde sjølvaste Kongen i gamle dagar.

Kongsberg Sølvverk

Historia om Kongsberg Sølvverk begynte i 1923 då to gjetarbarn med namna Helga og Jacob var ute med dyra oppe i åsane vest for byen. Sagnet fortel at oksen dei hadde med seg, stanga horna i fjellet slik at barna fekk auge på noko som skein. Barna fortalte fedrane sine om funnet, som konstaterte at det var sølv dei hadde funne. Fedrane smelta om sølvet og lagde sølvknappar som dei reiste og selde rundt om i landet. Ein dag blei dei avslørt, faren til Helga blei arrestert og måtte fortelle om funnet dei hadde gjort. Like etter sette Kong Christian IV i gang sølvverket og grunnla byen Kongsberg.

Ca. 1000 kilometer med gruvegangar

Kongsberg Sølvverk består av cirka 300 gruvesjakter som fortsett er intakt. Med 1500-2000 skjerp og totalt cirka 1000 kilometer med gruvegangar alle vegar, er det masse historie som ligg under bakken. Kongens gruve er den aller største gruva, som er 1000 meter djup.

LES FAKTALUKK FAKTA

Ei rad grøne vogner med gitter står under tak, og eit hus er plassert på toppen av ei opning inn til fjellet. Elles er det ikkje så mykje som avslører utanfrå kva som gjekk føre seg i dei kilometerlange gangane inni fjellet heilt tilbake til 1623 og 300 år framover på Kongsberg.

KALDT MIDT PÅ SOMMAREN: Inne i gruva er det alltid 6 grader, uansett om det er sommar eller vinter. Frå huset over gruveinngangen passa nattevakta på at ingen uvedkommande tok seg inn i gruva då det blei drive bergverk inne i fjellet.
TOGTUR UTANOM DET VANLEGE: Utstyrt med proppar, hørselvern og varme kle er jentene klare til gruvetur. Turen inn tar cirka 12 minutt, og det skranglar godt i dei små vognene der dei passerer fjellet med berre nokre få centimeters klaring. Utanom det svake lyset i vogna er det bekmørkt innover gangane, der det for fleire hundre år sidan jobba fleire tusen menneske med å finne sølv til Kongen.
I KONGENS GRUVE: 2300 meter inne i fjellet får vi sjå den største av alle gruvene til sølvverket, nemleg Kongens gruve. Her fann arbeidarane over 1.350.000 kg reint sølv frå 1623 til 1958. Då var det ikkje lønnsamt å hente ut sølvet lenger, og gruva blei nedlagt. I fleire retningar går det gruvegangar hit og dit, så her gjeld det å halde seg samla så ein ikkje går seg vill.
ER DET SØLV?: Vida meiner ho har funne sølv i fjellveggen! Gunnhild R. Ekrol, som er guide i sølvgruvene forklarer at det faktisk er litt ekte sølv igjen inne i gruvene, men at det vil vere for dyrt å hente det ut av fjellet, og derfor blir det der inne.
HEIS INNI FJELLET: Gruvesjaktene var djupe, så arbeidarane brukte heis for å komme seg opp og ned, i tillegg til stigar av tre. Det var akkurat plass til fem arbeidarar, og eit lass med stein på toppen, som dei hadde hogd laus nede i sjaktene og måtte transportere ut av gruvene. Heilt ned til botnen av Kongens gruve var det 726 meter og det tok heile fem minutt med heis.
HØGT UNDER TAKET: I Kongens gruve er det mange plassar høgt under taket. Det var fordi kongen skulle kunne skryte av kor stor og flott gruva hans var. Andre gruver var ofte trangare og verre å bevege seg i. Fram til 1890 brukte dei fyrsetting for å lage gruvegangar. Ved hjelp av varmen frå bålet slo fjellet sprekkar, så dei kunne hakke seg innover og utvide gruva. Mange av arbeidarane døydde etter å ha pusta inn den giftige røyken, så frå 1870 brukte dei også dynamitt for å utvide gangane.
PAUSEROM: På eit bittelite pauserom inni fjellet stua arbeidarane seg saman for å få ein matbit i løpet av arbeidsdagen. Det var liten plass, og gjerne 40-60 menn måtte stå trangt for å få seg litt tørt brød eller mel og vatn for å fylle magen. På den tida hadde dei ikkje elektrisitet i gruvene, men brukte talglys for å bryte det stummande mørket der inne.
300 ÅR TILBAKE: Sjølv om det var hardt arbeid og farleg å jobbe i gruvene på grunn av all den giftige røyken, følte arbeidarane seg heldige. Dei fekk lønn, og hadde gode rettar som ikkje var vanlege å ha for alle på den tida.