I eitt år hengde to regissørar seg på med kamera og fekk vere med på opp- og nedturar i livet på fritida og på skulen til jentene. Vi får eit innblikk i vennskap, einsemd og korleis det er å vere usikker og ikkje inkludert.
Allereie i første episode ser vi at Nora, på veg heim frå trening, blir utsett for angrep av ei kvinne på T-banen. Etter dette blir mora hennar redd, og vil at ho skal slutte med fotball.
Vi blir også med på leirskulen som for mange kan vere ei ekstra stor påkjenning. Både i førebuinga, men også under sjølve overnattinga. Men det gjekk heldigvis bra.
– Der blei vi kjende med to nye skular, fortel Nilani.
– Det var verdt det
Under pressevisninga fortel jentene at ingen av vennane har sett serien, så dei er spente på mottakinga.
– Det var gøy å vere med sjølv om det også var slitsamt. Men når vi såg resultatet er det verdt det, fortel Nora.
Jentene i serien viser alle kjensler. Vi er med på det som skjer gjennom eit heilt skuleår. Både ting som er lett å vise på TV, men også ting som kan vere vanskeleg å vise framfor eit kamera.
– Undervegs var det vanskeleg å vise alt, men vi er glade for at vi gjorde det, fortel jentene.
Ville gi barna ei stemme
Regissørane Anne Silje Bø og Sunniva Sundby ville lage denne serien fordi dei sjølv kjem frå området der serien er spelt inn. Mange har fordommar mot plassen, og dei ville vise det motsette og la barna sjølve få seie noko om dette.
– Dei som ser serien vil kunne kjenne seg igjen. For serien viser kor viktig det er med venskap, og korleis overgangen mellom barn og ungdom kan vere, seier Anne Silje Bø.
Serien viser kor viktig det er å kjenne seg inkludert, og også få rom til å utfalde seg på fritida.
Serien hadde premiere på NRK Super 8. september, og kan sjåast i nettspelaren.