Kvifor er vi så innmari redde desse krypa?

Får du angst berre av å sjå eit bilete av ein slange? Mange har det slik. Forskning viser at skrekken er medfødd.

Eigentleg burde vi vere meir redde for bilar, i alle fall her i Noreg. For i Noreg har vi berre ein giftig orm. Og det er svært uvanleg å møte på han, då han er sky og fryktar oss.

Forskarar har prøvd å finne ut kvifor det er slik. Det viser seg at menneska har utvikla ein medfødd frykt for slike dyr. Vi har ein tendens til å sjå etter, og oppdage slangar raskt. Forskarar ved universitetet i Virginia i USA har undersøkt saka.

120 barn deltok i forskinga

Forskarane tenkte at dersom slangefobi er medfødd, så burde små barn også klare å observere slangar.120 barn i alderen mellom tre-fem år deltok.

Dei fekk sjå eit rutenett med ni bilete. Her var det bilete av både blomar, larvar, monster og slangar. Oppgåva var å finne slangane fortast mogleg.

Etter dette fekk barna igjen nokre nye rutenett med ni bilete med ulike motiv. No skulle dei finne blomane raskast.

Resultatet viste at barna fann slangane mykje raskare enn blomane. Forskarane meiner at dette viser at det er ei medfødd frykt vi menneska har.

Sit igjen frå urtida

Forskarar meiner at denne frykta har utvikla seg ein eller annan gong i urtida, og som har vore så nyttig at den framleis er med oss. Då vi menneska levde for riktig lenge sidan var det å bli biten av ein slange det same som å verte drepen. Det var ingen medisinar, og slangane som skjulte seg i graset var difor viktig å oppdage.

Det er kanskje litt rart at mange vrir seg berre ein ser ein slange på eit bilete, men har ingen problem med synet av ei illsint løve, som både er større og kanskje skumlare.

(Kjelde: Forskning.no)