Det er fyrste gong, skriv VG.no, at eit barneprogram har vorte felt for å vere for skremande til å vise for barn.
VG skriv vidare at SVT skal sjekke korleis dei skal handtere situasjonen på best mogleg måte.
I klagane kom det fram at serien var skremande og skildra realistisk vald utført av barn. Det kom også opp at det var fare for å normalisere vald, og at barn kan bli påverka.
«ZombieLars» handlar om 11 år gamle Lars som er halv menneske og halv zombie.