Vaksinedebatt: 18-åring saksøkte si eiga mor

Amerikanaren Ethan Lindenberger har vakse opp med ei mor som er vaskinemotstandar. Men kva er eigentleg ei vaksine?

Ethan gjekk til sak mot mora for å få lov til å vaksinere seg. – Eg trur foreldra mine må vere dumme. Det er nesten rart eg er i live, skreiv Ethan Lindenberger på nettet.

Ethan Lindenberger har saksøkt si eiga mor. (Foto: Skjermdump/CNN

Meslingutbrot i Oslo

No har det blitt påvist eit tilfelle av meslingar i Oslo, skriv folkehelseinstituttet.

− Det er høg vaksinasjonsdekning blant barn og unge i Noreg, og dei fleste vaksne personar vil enten ha immunitet frå tidlegare gjennomgått sjukdom eller fordi dei har tatt vaksinen.

Meslingar er ein sjukdom som mange vaksinerar seg mot, og som ikkje har vore eit problem i Noreg.

Vaksine er ikkje farleg

Lege, Elisabeth Holmboe Eggen, forklarte kva vaksine er, på ein veldig god måte då ho besøkte NRK P1.

− Det vi gjer med vaksine er at vi gjer kroppen bitte-, bittelittegranne sjuk.

Med meslingar for eksempel, då tek vi eit levande virus som er svekka og litt “småkokt”.

Det blir putta inn i kroppen, og vist fram til imunsystemet.

Soldatane i immunsystemet ser dette og tenkjer: Åh, her er det ein ny fiende!

Dei spring så tilbake til militærleiren i lymfeknutane og utdannar tusen, på tusen millionar eigne soldatar som no veit korleis dette viruset ser ut. Så dersom viruset kjem på ekte ein gong er kroppen klar til hindre at du blir sjuk.

Kroppen er som eit universitet som utdannar seg sjølv, ved hjelp av vaksiner.

Vel å ikkje vaksinere seg

Det er ein del menneske som ikkje vil la barna sine vaksinere seg, fordi dei ikkje er trygge på at det er ufarleg. Mor til Etahn er ein av dei.