Plasten vi kvittar oss med hopar seg opp i naturen og har funne vegen heilt ned til dei djupaste havområda i verda. Problemet med plast er at han brukar fleire hundre år på å bli brote ned i naturen og utgjer ein stor fare for dyrelivet, spesielt i havet, skriv Framtida.no.
Plastetande sopp
I 2017 fann forskarar over 2000 nye soppartar i 18 land. Ein av desse nye soppartane var Aspergillus tubingensis, som vart funne på ei søppelfylling i Islamabad, Pakistan. Soppen kan vere nyttig, fordi han skil ut eit enzym som bryt ned plast.
Forskar Ilia Leitch sa til CNN i haust at sjølv om dei er i ein tidleg fase av forskinga, håpar dei å sjå fruktene av ein sopp som kan ete plast i løpet av fem til ti år.
I 2016 fann japanske forskarar ein bakterie som bryt ned plast i avfallet frå ein attvinningsstasjon. Den bakterien har namnet Ideonella sakaiensis og bryt ned ein type plast som vi finn i plastflasker.