Etter at kong Harald døydde, blei Den blå steinen i Bergen dekt av blomar, kort, teikningar og andre helsingar.
No har Bergen kommune begynt å rydda i blomehavet, skriv NRK.
Kan bli til jord
Blomane skal ikkje berre kastast. Kommunen arbeider med ein plan om å gjera dei om til jord. Jorda kan seinare bli brukt i blomsterbeda rundt Gamlehaugen. Det er kongebustaden i Bergen.
Slik kan blomane som blei lagde ned til minne om kong Harald, få nytt liv på ein stad som var viktig for kongefamilien.
Blomane i Oslo får liggja
Også ved Slottet i Oslo har mange lagt ned blomar og helsingar. Der skal blomane få liggja litt lenger før dei blir rydda bort. Slottet har ikkje bestemt kva som skal skje med alle blomebukettane på sikt.
Kort, brev og gjenstandar som dei samlar inn, blir send til Nasjonalarkivet for tørking, før det skal tilbake til Det kongelege hoff og lagrast for framtida.




















