Du går forbi ein hage der nokon nett har klipt plenen. Det luktar friskt, nesten litt søtt. Mange synest det er ei av dei beste luktene som finst.
Men for graset er det ei heilt anna historie. Når grasklipparen skjer gjennom grasstråa, blir graset skadd. Då slepper det ut ei blanding av stoff i lufta, mellom anna metanol, etanol, acetaldehyd og aceton. Slike stoff spreier seg lett gjennom lufta, skriv BBC Science Focus.
Eit signal
Når ei plante blir skadd, kan nokre av luktstoffa ho slepper ut, fungera som signal. Hos enkelte planteartar kan stoffa lokka til seg insekt som et larvane som angrip planta.
Forsking viser også at nokre plantar kan reagera på luktstoff frå skadde plantar i nærleiken. Stoffa kan gjera dei betre førebudde på å forsvara seg dersom dei sjølve blir angripne av insekt, ifølgje ein forskingsgjennomgang i Journal of Experimental Botany.
Det kan nesten minna om at plantane «snakkar» med kvarandre – berre ved hjelp av luktstoff i staden for ord.
Kvifor likar me lukta?
Det veit me ikkje sikkert. Ei mogleg forklaring er at hjernen koplar lukta av nyslått gras til gode opplevingar, som sommar, ferie og leik ute.



















