Earth Day 2026: Våre krefter, vår planet

22. april blir Earth Day markert over heile verda. I år set markeringane fokus på kva enkeltmenneske saman kan gjere for eit betre klima.

Earth Day har kvart år eit bestemt tema. I år er temaet Our power, our planet Våre krefter, vår planet på norsk.

Våre krefter, vår planet-temaet skal minne alle menneske om at dei har makt til å gjere ein forskjell.

Å gjere positive endringar for klima og miljøet avheng ikkje berre av store politiske avgjerder. Ein kan gjere store ting for å ta vare på jorda gjennom daglege handlingar i nærmiljøet, på skulen og i familien, står det nettsida til Earth Day.

Vidare er det skrive at kvar og ein kan gjere endringar for klima og miljø ved å til dømes plukke søppel, kjøpe mindre ting og lære kvarandre kva det vil seie å vere miljøvennleg.

HER kan du lese deira 50 lette tips for å hjelpe planeten kvar dag.

Earth day blir årleg markert 22. april for å sette ljos på kor viktig det er å ta vare på klima og miljøet på jorda. Dagen blei for første gong markert i 1977.