Barn i Sudan får viktige vaksinar for første gong på tre år

Dei tre siste åra har det vore krig i Sudan og over 33 millionar menneske har bruk for hjelp. Samstundes har ikkje barn fått livsiktige vaksiner - før no.

Sudan
  • Hovudstad: Khartoum
  • Innbyggjartal: 50,4 millionar
  • Statsform: republikk
  • Språk: arabisk og engelsk
  • Nasjonaldag: 1. januar

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

I landet Sudan i Afrika er det borgarkrig. Borgarkrig er ein krig som blir kjempa mellom ulike grupper i eitt land.

Borgarkrigen i Sudan har ført til at over 33 millionar menneske treng humanitær hjelp. Humanitær hjelp vil seie hjelp til menneske som er i ei krise. Det kan til dømes vere hjelp til å få reint vatn, varme klede og helsehjelp.

Sidan krigen starta har hjelpeorganisasjonen Redd Barna forsøkt å gi humanitær hjelp ved å skaffa barna i Sudan viktige vaksinar. Dette har dei ikkje lukkast med før no.

Livreddande hjelp

No har Redd Barna frakta 18 tonn med vaksinar inn i landet. Det vil seie at over 24 000 barn vil bli vaksinerte, skriv Verdens Bedste Nyheder.

Å bli vaksinert vil si at ein blir beskytta mot bestemte sjukdommar. Barna i Sudan blir no vaksinert mot sjukdommane polio, meslingar, stivkrampe, difteri, leverbetennelse og gul feber.

Barnevaksinasjon er ein av dei viktigaste måtane å hindre at barn døyr på.