Kan ein gelé redde korallreva?

Forskarar har laga ein spesiell gelé som kan hjelpa små korallar med å finna ein heim. Det kan gi nytt liv til øydelagde korallrev.

Korallrev er heim for mange dyr i havet. Men mange rev er skadde og i fare.

No har forskarar ved instituttet for oseanografi ved University of California og Jacobs School of Engineering funne opp noko heilt nytt. Dei har laga ein ny type gelé som kan hjelpa, skriv Verdens Beste Nyheter.

Geléen blir smurt på korallar. Han sender ut signal som tiltrekkjer små korall-larvar. Desse larvane driv rundt i havet og leitar etter ein stad å bu. Viss staden kjennest trygg, slår dei seg ned og veks der.

Lurer larvane

Geleen lurer larvane til å tru at området er ein god stad å vera. Då blir fleire av dei der.

I forsøk har forskarar sett at det kan komma opptil 20 gonger fleire larvar der geleen blir brukt. Det kan bety at nye korallar veks fram raskare enn før.

Forskarane har førebels berre testa geleen på éin type korall. Dei må undersøkja meir før dei veit om han kan brukast over heile verda.

Likevel gir det håp om at korallreva kan få hjelp.