Jubelen stod i taket og klassen hoppa opp og ned då lærar Bente Moseng Westvold kom med meldinga om at klassen hadde vunne skrivekonkurransen til Framtida Junior og Stiftelsen Lese.
– Det var gøy, overraskande og ikkje forventa, fortel Elizabeth Røe.
Klassen får 2000 kroner i førstepremie. Kva dei skal bruka pengane, har dei enno ikkje bestemt seg for.
– Me vil bruka pengane på noko gøy! fortel Ådne Hogstad.
Klassekamerat Lukas Ryen Solvang blei òg kåra til ein av fleire individuelle vinnarar i konkurransen.
– Eg er veldig glad og overraska, fortel han. Han skreiv om ei tidsreise tilbake til store fotballhendingar i historia – blant anna då Noreg deltok sist gong i VM.
– Det er kjekt å skriva, seier han.
Elizabeth er òg glad i å skriva:
– Det å kunna uttrykka seg med med ord, er veldig fint, synest eg!
Nesten 900 elevar deltok i skrivekonkurransen til Framtida Junior og Stiftelsen Lese. Det er ny rekord med klar margin.




















