Eg ville reist tilbake i tida for å sjå nokre av dei beste fotballspelarane gjennom tidene

Tidsmaskin: Eg ville ha reist tilbake til slutten av 1900-talet. På slutten av 1900-talet kunne eg ha opplevd nokre av dei beste fotballspelarane gjennom tidene, da kunne eg ha sett Noreg i VM og eg kunne ha opplevd veldig mykje bra fotball.

Andre halvdel av 1900-talet hadde mange ekstremt gode fotballspelarar. Ronaldinho, Pele,
Ronaldo Nazario og mange av dei beste av dei beste klarte dei mest kompliserte fintane, dei beste skudda frå langt hald og dei peneste pasningane over heile bana.

Ronaldinho klarte dei vanskelegaste fintane som nokon gong har blitt gjort. Pele klarte dei finaste pasningane over heile bana. Og Ronaldo Nazario klarte dei hardeste skota.

Ronaldo i Real Madrid-trøya i 2005. Foto: David Cornejo, CC BY-SA 2.0-lisens

Eg ville ha sett Noreg, som skapte fotballhistorie mot Brasil i VM 1998. Viss eg hadde reist
tilbake i til 1998 kunne eg ha sett Noreg som spelte VM i Frankrike i 1998. Då skapte dei stor fotballhistorie. I den siste kampen i gruppespelet spelte Noreg mot Brasil. Dei er eitt av verdas beste landslag gjennom tidene. Brasil leia 1-0 heilt til slutten av kampen då Noregs Tore Andre Flo utlikna til 1-1.

I Noreg har vi mange gode fotballspelarar no i 2026, som til dømes Haaland, Ødegaard, Nusa og endå fleire. Det som var så spesielt med fotballspelarar på slutten av 1900-talet var at dei dribla mer, dei skaut frå langt hald. Dei gjorde eigentleg at det vart gøyare å sjå på fotball. Fotballspelarar i notid er også veldig gode, men dei vil gjerne spele seg fram, tilbake og rundt nokon gonger utan å drible så mykje heilt tel dei ser ein sjanse. Nokre gonger speler dei seg nesten heilt inn i målet.

Denne teksten er ein av vinnarane av skrivekonkurransen til Framtida Junior og Stiftelsen Lese i samband med Tid for ti-aksjonen.