Meiner for mange får ADHD-diagnose

Helsedirektoratet meiner at for mange barn og unge i Noreg får diagnosen ADHD – og at for mange får medisinar for det.

No vil Helsedirektoratet endra retningslinjene for korleis ADHD skal behandlast.

ADHD er ein diagnose som kan gjera det vanskeleg å konsentrera seg, sitja stille og kontrollera impulsar. Mange får god hjelp, men Helsedirektoratet meiner at ikkje alle treng medisinar, skriv NRK.

I staden ønskjer dei at fleire først skal få hjelp gjennom oppfølging, rettleiing og tilrettelegging i kvardagen.

Hjelp der ein bur

Samtidig vil regjeringa gi kommunane større ansvar for behandlinga. Tanken er at barn og unge skal få hjelp raskare og nærare der dei bur.

Forslaget har fått kritikk. Nokre fagfolk er bekymra for om kommunane har nok kompetanse til å ta over meir av ansvaret.

Når dei snakkar om at kommunane må ha nok kompetanse, betyr det at dei vaksne som skal hjelpe barna, må kunne nok om ADHD og vita korleis dei skal hjelpe på ein god måte.

Endringane er framleis på planstadiet.