Indonesia forbyr riding på elefantar

– Elefantar tek skade, seier forskar.

Turistar har lenge kunna ri på elefantar i Indonesia. No blir det slutt. Landet har bestemt at rideturar på elefantar skal forbydast.

– Endeleg! seier elefantforskar Joyce Poole til Ung.Forskning.no.

Ho er ein av dei fremste ekspertane i verda på elefantar og meiner forbodet er viktig.

Ifølgje organisasjonen World Animal Protection kan riding på elefantar verka som ei morosam oppleving. Men forsking viser at dyra ofte har det vanskeleg.

Elefantar må tvingast

Elefanter er store og sterke dyr. Dei kan tola å bera vekt på ryggen utan å bli fysisk skadd.

Likevel handlar det ikkje berre om kroppen, forklarer Poole.

– Elefantar er sjølvstendige og tenkjande dyr, og dei tek skade av å leva innestengt. Skal me bruka dei, må dei tvingast til å lystra, seier ho.

Ikkje nok

Sjølv om riding no blir forbode, meiner Poole at det ikkje er nok.

– Elefantar bør ikkje ris på, men heller ikkje blir haldne i fangenskap. Det held ikkje, seier ho.

Ho håpar fleire land vil gjera det same som Indonesia.