Team Pølsa nådde årets mål

Deltakarane i Team Pølsa sesong to har jobba mot å gå skiskyttarrenn i dei utfordrande løypene i Holmenkollen. Torsdag ettermiddag klarte dei det store målet.

I sesong to av Team Pølsa har seks ungdom med ulike funksjonsnedsetjingar trena for å gjennomføre eit skiskyttarrenn.

Det var under verdscupfinala i skiskyting i Holmenkollen at Team Pølsa torsdag ettermiddag skulle forsøke å nå målet.

Som eit lag fullførte dei seks ungdommane skiskyttarrennet med glans, melder NRK.

Frå tribunane vart gjengen heia fram av 7500 ungdomsskuleelevar frå Oslo.

Deltakarane i Team Pølsa sesong to er Synne Lykkeslet, Kornelius Smeby-Ryen, Eleah Tysdal, Benjamin Midtbø Høydal, Alva Bjerrehorn og Erik Damsgård Tomter.

NY UTFORDRING: Deltakarane i Team Pølsa sesong to hadde ikkje berre som mål å gå langrenn, dei skulle også skyte på blink. Foto: Heiko Junge / NTB