Storbritannia seier nei til sosiale medium-forbod

Underhuset i Storbritannia seier nei til forbod mot sosiale medium for born under 16 år, men opnar for moglege restriksjonar i framtida.

Artikkelen vart fyrst publisert i Framtida Junior si systeravis, Framtida.no.

Det britiske parlamentet har avvist eit forslag om å forby sosiale medium for born under 16 år, skriv BBC.

Forslaget blei stemt ned med 307 mot 173 røyster.

Forslaget fekk støtte av det britiske overhuset i januar, etter at Australia innførte eit liknande forbod i fjor.

Utdanningsminister i Storbritannia, Olivia Bailey, bad parlamentarikarane stemme mot eit forbod, og i staden støtte fleksible restriksjonar.

– Fleire ønsker eit forbod, men andre åtvarar om at det kan drive barn inn på mindre regulerte delar av internett, sa Bailey i parlamentet.

I staden ønskjer ho ei offentleg høyring for å avgjere vegen vidare. 

Baileys forslag fekk støtte. Dermed kan det framleis kome restriksjonar og mindre omfattande forbod i framtida.

Forslaget har fått kritikk. Mellom anna har Liberaldemokratanes talsperson for utdanning, Munira Wilson, kalla forslaget dårleg.

– At styresmaktene ikkje innfører eit forbod mot skadelege sosiale medium, er rett og slett ikkje godt nok. Vi må vite at høyringa ikkje fører til forseinkingar og sløsing av tid.

House of Commons (underhuset) og House of Lords (overhuset), her samla for opninga av parlamentet i 2023. | Foto: Aaron Chown/Pool Photo via AP