Er du allergisk mot pollen?

No er pollensesongen i gang i Noreg. Det betyr at folk som er allergiske mot pollen snart kan få meir plagar.

Pollensesongen har starta i Noreg, opplyser Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF) i ei pressemelding.

– Målingane viser at pollensesongen har starta. Som vanleg byrjar spreiinga langs kysten i vest før ho gradvis breier seg vidare til Sør- og Austlandet, seier Hallvard Ramfjord i NAAF.

Pollen er små korn frå plantar og tre. Når dei spreier seg i lufta, kan dei gi allergiplager hos mange menneske.

Typiske symptom på pollenallergi er rennande nase, kløande auge, nysing og tett nase.

Lurt å følgja med

Ifølgje NAAF er nivåa framleis låge mange stadar i landet. Men dei ber folk som har pollenallergi om å følgja med på pollenvarslinga framover.

– Sjølv om nivåa framleis er låge mange stadar, er dette eit signal til allergikarar om å følgja med på pollenvarslinga framover, seier Ramfjord.