I helga angreip USA og Israel Iran med krigsskip og hundrevis av jagarfly. Iran svarte med å senda rakettar og dronar mot Israel og amerikanske militærbasar rundt i Midtausten. Sidan har det vore mange angrep frå begge sider.
Når det blir uro i område der det blir produsert mykje olje, kan oljeprisen i verda stiga, skriv Ung.Forskning.no.
Noreg er eit land som produserer og sel olje. Derfor kan Noreg tena meir pengar når oljeprisen går opp.
– Noreg tener pengar fordi me produserer mykje olje som me sel til utlandet, forklarer Grytten.
Noreg tener over 1 milliard kroner ekstra på gass kvar dag samanlikna med før helga, skriv NRK.
Får meir betalt
Når olje blir dyrare, får Noreg meir betalt for olja me sel. Det betyr at både oljeselskap og staten kan få meir pengar.
Rundt 30 prosent av all olje og nesten 40 prosent av all gass som blir produsert i verda, kjem frå Midtausten. Noreg står for om lag to prosent av olja i verda.
Når oljeselskapa tener meir pengar, får også staten meir pengar. Det er fordi staten krev skattar og avgifter frå selskapa.
Sjølv om Noreg kan tena pengar på høgare oljepris, betyr ikkje det at krig er bra. Krig fører til store problem for menneske og land som er ramma.






















