Skjelpaddene er mellom 8 og 13 år gamle og vart sloppe frie for å hjelpa naturen på øya til å koma seg igjen.
– Dei er store nok til å bli sloppe laus og kan forsvara seg mot innførte dyr som rotter og kattar, seier Fredy Villalba, direktør for Galápagos nasjonalparks avlssenter til VG.
For over to hundre år sidan budde det rundt 20 000 kjempeskjelpadder på Floreana. Kvalfangst, ein øydeleggjande brann og omsynslaus menneskeleg utnytting førte til at dei vart fullstendig utrydda på øya.
700 skjelpadder
Dei gjeninnførte skjelpaddene har mellom 40 og 80 prosent av det genetiske materialet til arten Chelonoidis niger, som har vore utdøydd i 150 år.
Biologen Washington Tapia seier at målet er å føra arten til den opphavlege reinleiken sin. Denne utsleppsrunden er berre starten – totalt er det planlagt å sleppe ut 700 skjelpadder.






















