AUF vil endra namn på båt ved Utøya

Etter nye avsløringar om Thorbjørn Jagland vurderer AUF no å byta namn på båten MS Thorbjørn ved Utøya. AUF-leiar Gaute B. Skjervø seier det er naturleg å ta opp saka på nytt.

Arbeidarane si ungdomsfylking (AUF) vurderer no å byta namn på ein båt ved Utøya. Båten heiter MS Thorbjørn og er oppkalla etter Thorbjørn Jagland.

Båten fekk namnet sitt i 1997, då Jagland hadde vore leiar i AUF. Etter nye avsløringar meiner AUF-leiinga at det kan vera rett å sjå på namnevalet på nytt.

AUF-leiar Gaute B. Skjervø seier til NRK:

BÅT: MS Thorbjørn fraktar folk til og frå Utøya. Her fann Noregs verste terrorangrep stad. 22. juli 2011 vart AUFs sommarleir angripen av ein høgreekstrem terrorist som drap 69 personar. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

– Thorbjørn Jagland har vore leiar i AUF, og båten på Utøya vart døypt etter han i 1997. Som ein konsekvens av avsløringane den siste tida ser eg det som naturleg å byrja samtalar om namneskifte på båten til Utøya.

Sikta for korrupsjon

Bakgrunnen er at Jagland nyleg vart sikta for grov korrupsjon i samband med kontakt med Jeffrey Epstein.

Korrupsjon betyr at nokon misbruker makta eller stillinga si for å få pengar, fordelar eller hjelp på ein uærleg måte. Det kan til dømes vera å ta imot bestikkingar eller gi spesielle fordelar til venner.

Skjervø legg til:

– For meg er det raknande likegyldig kva parti dei involverte i Epsteinsaken er eller har vore medlem i. Det er svineri som må ryddast opp i.