Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar.

11 prosent av norske elevar bruker nynorsk på skulen. For mange av desse liknar nynorsk på dialekta dei snakkar. Det kan gi dei ein fordel, ifølge ein artikkel på Forskning.no.

Professor Morten Blekesaune ved Universitetet i Agder har sett på kor mykje utdanning 30 000 barn frå bygda i Sør-Noreg tok. Han fann ut at barn frå nynorskkommunar i gjennomsnitt tok 0,33 år lengre utdanning enn barn frå bokmålskommunar.

– Det kan høyrast lite ut, men i ein klasse på 30 elevar vil det bety at fem av desse ikkje tar to år ekstra utdanning som dei elles kunne tatt. Det svarar til ein mastergrad, seier professoren i artikkelen.

Han meiner skular bør vere oppmerksame på språk i undervisinga:

– Viss elevar møter eit skriftspråk på skulen som er langt frå den dialekta dei bruker heime, kan det føre til at desse elevane ikkje opplever skulen som like positiv. Det kan påverke kor lang utdanning dei tar.