Tina og Milo er dei første «Gen Z»-maskotane

To røyskattar er maskotane til vinter-OL i Milano-Cortina.

I dag startar dei olympiske leikane i Italia. Til OL er det vanleg å ha maskotar. Det er dokker som symboliserer landet som arrangerer leikane.

Maskotane i år er to italienske røyskattar med namna Milo og Tina. Namna er forkortingar av stadene dei olympiske leikane blir arrangerte: Milo kjem frå Milano og Tina kjem frå Cortina.

Eit søskenpar og vennene deira

Røyskattar skiftar farge på pelsen om vinteren. Den snøkvite røyskatten Tina er maskoten til dei olympiske leikane, som varer frå 6. til 22. februar.

Bror hennar, den brune røyskatten Milo, er maskoten til dei paralympiske leikane, som varer frå 6. til 15. mars. Milo er født utan den eine foten, men han har lært seg å bruke halen i staden.

MILANO: I førebuingane til OL har maskotane dukka opp ulike stader, som her i Milano i februar i fjor. Foto: AP Photo/Luca Bruno/NTB

Milo og Tina har også seks snøklokkevenner. I løpet av vinterleikane vil maskotane dukke opp mange stader, og ein kan også kjøpe bamsar og andre produkt med dei på.

SNØKLOKKER: Røyskattane har også nokre blomevenner. Foto: Emmi Korhonen / Lehtikuva / NTB

I ei pressemelding skriv arrangørane at Tina og Milo er dei første «Gen Z»-maskotane. Generasjon Z er dei som er fødde mellom år 1997 og 2012. Arrangørane skriv at dei valde røyskatten som maskot fordi dyra er livlege, raske og smidige, noko dei meiner symboliserer den italienske haldninga.