Nordmenn og danskar brukar over 200 kilo plast i året per person. Det er nesten dobbelt så mykje som gjennomsnittet i Europa, viser ein ny studie. Til samanlikning brukar ein gjennomsnittsperson i Vest-Europa og Nord-Amerika rundt 100 kilo plast per år, medan gjennomsnittet i Asia ligg på 20 kilo.
Forskinga er gjort av Syddansk Universitet og Cambridge University, og er publisert i eit fagtidsskrift frå American Chemistry Society, skriv Aftenposten.
Første oversikt
Studien har sett på kor mykje plast som blir brukt og kasta i Noreg, Danmark, Sverige, Finland og Island. Dette er den første studien som gir ei slik oversikt for Norden. Perioden frå 1978 til 2020 er kartlagd, opplyser forskarane.
Berre 24 prosent av plasten i Noreg blir resirkulert, viser tala.






















