Putin må stoppe krigen mot Ukraina!

MEINING: Du, Putin, har verdas største land. Du har mykje plass som du ikkje bruker.

Russland er jo cirka tretti gonger så stort som Ukraina. Veit du kor mange du drep? Vil du ha eit land som berre er i ruinar? Ingen kjem til å lika deg. Det er viktig at andre får leva. Tenk viss du var ein person som var i Ukraina. Vil du utslette heile landet? Det viktigaste av alt er at du sluttar krigen og trer av som president i Russland. For å oppsummere, Putin, så meiner eg at du no sluttar med denne galskapen av ein krig og gjev all makta til nokon andre.