Svensk politi rykte ut til eit bustadområde i Gävleborg etter meldingar om høge skrik frå ei leilegheit.
Då politiet kom fram, var det heilt stille. Inne i leilegheita fann dei personar som hadde øvd på eit kjent filmskrik. Det viste seg nemleg at dei øvde på eit Ronja Røvardotter-skrik, skriv politiet.
Skrik alt ho kan
Skriket stammar frå historia om Ronja Røvardotter, skrive av Astrid Lindgren. Boka vart filmatisert i 1984. I historia går Ronja aleine ut i skogen for første gong. Ho kjenner både frykt og glede – alt er stort, vilt og ukjent. Då stiller ho seg midt i skogen og skrik alt ho kan.
Politiet understrekar at dei sette pris på at naboane varsla, sjølv om det denne gongen var falsk alarm. NRK omtalte nyhendet først i Noreg.





















