Krig og klimakrise heng saman!

MEINING: Nokre gongar tenker eg: Er det mogleg med fred?

I verda er det mange toppfolk og leiarar som snakkar om fred og om å bruke pengar på klimakrisa og krig. Dei har møter der dei diskuterer kva som må gjerast og kor mange pengar dei skal bruke. Vi må slutte og vere gjerrige med pengar og å bruke dei på krig, i staden må vi bruke dei på fred.

Land med mykje pengar bør bruke meir enn dei som er fattigare. Vi må sette oss mål for kva vi skal klare og når vi vil ha det gjort. Leiarane sa for mange år sidan at dei ville gjere noko med krig fort, det har nesten ikkje skjedd noko som helst! Vi må gjere noko no, og ikkje om 15 år.

Kulturar, språk, dyr, natur og havet er i ferd med å dø ut og forsvinne. Vi må redde verda frå oss sjølv!

Kva er det vi gjer mot verda? tenkjer eg. Vi øydelegg ho jo! Kvifor krigar vi når vi veit kor behageleg og fint fred er? I staden for å bruke pengar på olje, gass, militæret, forureining og våpen kan vi bruke dei på fred, klima, jordbruk, utdanning, sjukehus, menneske og brannvesen.

Politikarar seier at dei gjer så godt dei kan, men dei kan jobbe fortare viss dei berre prøver og faktisk samarbeider med andre land om fred. Då kan verda bli ein betre stad. Kanskje du tenkjer at du ikkje kan gjere noko, men alle; barn og vaksne, fattige og rike, kan påverke leiarane. Gå i demonstrasjonstog eller send ting og pengar til fattige områder.

Verdas land har ein kjempejobb å gjere, men det er mogleg vi kan klare det viss vi verkeleg prøver. Atomvåpen, skytevåpen, rakettar, krig og militære må vekk. Verda har det betre utan krig og konfliktar.

Eg meiner at det er viktig at vi ikkje skapar krig. Alle i verda fortjener fred uansett om du er barn, vaksen, gut eller jente. Kva religion og land du høyrer til, eller kva hudfarge eller kor mykje pengar du har spelar inga rolle.

Eg meiner at vi bør tenke på korleis vi vil etterlate verda til dei som kjem etter oss. Vil vi etterlate den i full krig og totalt øydelagd? Vil vi verkeleg gjere det?

Tenk deg om!

Skribenten går i klassen på Nordsida skule som vann skrivekonkurransen til Framtida Junior om krig og fred.