I fjor døypte rekordmange konfirmantar seg i Den norske kyrkja. Tidlegare var det vanleg at barn vart døypte då dei var små babyar, men no vel mange ungdommar sjølv å bli døypt i samband med konfirmasjon. For å bli konfirmert i Den norske kyrkja, må ein vera døypt.
Ifølgje Den norske kyrkja valde 1800 konfirmantar å døypa seg i kyrkja i fjor. Det er nesten 20 prosent fleire enn året før, og heile 83 prosent fleire enn for ti år sidan.
– Det er svært gledeleg at unge tek eit val om å bli døypte. Det viser at både dåp og konfirmasjon blir rett opplevd og relevant for dei som er unge i dag, seier Harald Hegstad, leiar i Kyrkjerådet i ei pressemelding.



















