Kjære Vladimir Putin
Mitt namn er Ingeborg og eg er 11 år. Eg vil gjerne skive eit brev til deg.
24. februar 2022 er vel ein dato du hugsar godt, eller? Det var den dagen du var klar til å øydelegge livet til mange tusen soldatar, sivile og ikkje minst dine eigne. Berre på grunn av at du vil ha eit større land, sjølv om du har det største!
Kvifor nektar du born og unge eit liv? Tenk på alle dei borna som gler seg til ei framtid, som ynskjer å ha eit fint liv utan krig. Kva er du laga av? Får du ikkje dårleg samvit eller tenkjer at det du gjer ikkje er så lurt? Har du eit hjarte av stein?
Tenk å legge seg om kvelden og føle seg utrygg. Å ikkje føle seg trygg i sitt eige hus eller land! Det er sånn mange føler det no. Du nærmar deg 80. Kva er vitsen? Går det ikkje an å fikse det på ein anna måte? I staden for å oppføre deg som ein barnehageunge.
Eg forstår at du er ueinig og sint, men det gjer deg ikkje rett til å ta livet til så mange folk. Du kan snakke med Volodymyr Zelensky, eller er det heilt umogleg?
Klarer du ikkje å kontrollere deg? Snakk med nokon.
Kanskje ikkje du er den rette til å vere president. Du bør motarbeide krig. Sjølv om det kan vere vanskeleg, så er det det rette. Eg høyrer at du vil ha meir land og meir makt, men me i verda er eit samfunn der me deler. Alle får litt.
Det var jo ein grunn til at Sovjetunionen vart splitta. Det funka jo ikkje. Kvifor må du ha den tilbake då det allereie er bevist at det ikkje går? Ver fornøgd med ditt og ikkje minst takksam for det du har.
Hugsar du då du var liten? Vil du at andre born skal føle seg sånn? Fattig, forlaten og trist? Det er berre du som veit korleis du følte det, men du må hjelpe dei borna og familiane som treng litt ekstra mat og treng eit betre hus. Ingen fortener å vekse opp med krig og fattigdom. Me må hjelpe dei som treng det.





















