300 barn kan mista fotballcup etter omstridd TikTok-video

Ein planlagd fotballcup for barn i Kristiansand har vorte stoppa av kommunen. Cupen skulle arrangerast av to kjende TikTok-profilar som kallar seg «Guttavibez».

TikTok-duoen Guttavibez, beståande av Chris André Formo (25) og Tobias Asheim (24), skulle arrangera fotballcup for barn i Sørlandshallen 1. februar.

Men nyleg valde kommunen å trekkja leigeavtalen for hallen der cupen skulle vera. Grunnen er ein video som vart brukt for å reklamera for cupen. I videoen som Guttavibez no har sletta, får gutar spørsmål om kva som er det styggaste jentenamnet i Noreg, før Formo avsluttar med å dela info om cupen.

– Tragisk og absurd

TikTok-duoen seier at dei synest det er trist at barna no risikerer å mista noko dei har gledd seg til.

– For oss er det heilt tragisk og absurd at over 300 barn og unge mistar cupen dei har gledd seg til, etter at kommunen valde å trekkja ein allereie godkjend avtale. Så kjem vaksne menneske som vel å bruka turneringa vår i eit politisk spel – og lèt det gå direkte utover barna, skriv duoen i ein felles uttale.

– Må oppføra seg ryddig

Politikar i Kristiansand Høgre, Raymond Larsen, seier at kommunen ikkje kan støtta arrangement som kan få nokon til å kjenna seg utanfor.

– Me kan ikkje ha aktørar som marknadsfører arrangementet sitt med å setja grupper opp mot kvarandre. Det kan framleis bli cup, men ikkje om dei skal arrangera. Me har ikkje noko imot dei gutane, men dei må oppføra seg ryddig og vera gode førebilete for barn og unge, seier han til VG.

No snakkar arrangørane og kommunen saman for å sjå om det likevel finst ei løysing, slik at barna kan få spela fotball som planlagt.