Trump har invitert paven til «fredsråd» – Noreg har takka nei

Pave Leo har fått invitasjon til å vera med i det Donald Trump kallar eit «fredsråd».

Det kvite hus har invitert ei rekkje verdsleiarar til å bli med i rådet som opphavleg gjaldt Gaza, og som Trump sjølv skal leia på livstid.

Ein talsperson i Vatikanet seier at paven har fått invitasjon til å delta i rådet, men at dei enno ikkje har bestemt seg. Det skriv nyheitsbyrået AFP.

– Me undersøkjer dette no. Det er noko som krev tid før me kan gi eit svar, seier Pietro Parolin til pressa i Roma.

Noreg har takka nei

Trumps «fredsråd» skal ifølgje planen styra Gaza-området etter krigen. Dette er ein del av ein fredsplan frå USA og Israel.

I utgangspunktet kan deltakarane sitja i rådet i maks tre år. Men dei kan sikra seg ein permanent plass om dei betaler 1 milliard dollar til rådet, skriv VG.

Noreg og Sverige har sagt nei til å vera med i rådet. Andre land, som Belarus, Ungarn, Tyrkia, Saudi-Arabia, Egypt, Jordan, Indonesia, Qatar og Pakistan – har sagt ja, ifølgje Reuters.

– For Noreg er det avgjerande korleis forslaget heng saman med etablerte strukturar, som FN og forpliktingane våre der. Me har samtidig understreka at Noreg deler president Trumps mål om varig fred i Ukraina og Gaza. Noreg vil halda fram det nære samarbeidet vårt med USA og andre partnarar for fred, seier statssekretær Kristoffer Thoner (Ap) i ein e-post til NTB.