Bodø/Glimt slo Manchester City

Gultrøyene vann historisk siger.

Bodø/Glimt vann 3–1 mot Manchester City i går. Det er den første sigeren til det norske laget i Meisterligaen.

– Dette kjem til å stå med gullskrift i norsk fotballhistorie, seier fotballekspert Carl-Erik Torp til NRK.

Erling Braut Haaland scora ingen mål for Manchester City.

– Det er fullt fortent at Bodø vinn. Det er ikkje godt nok. Dei speler fantastisk fotball. Eg veit ikkje kva vi kan gjere annleis, vi gjer vårt beste. Vi startar bra før det første målet, så scorar dei igjen, seier Erling Braut Haaland til TV 2.