Trump har sendt melding til Noregs statsminister

Den siste tida har det vore mykje snakk om Grønland, ei stor øy langt nord som tilhøyrer Danmark. USAs president Donald Trump er fast bestemt på at øya bør høyra til USA. No har Trump sendt ei ny og uvanleg melding til Noregs statsminister Jonas Gahr Støre.

Før Trump sende meldinga, hadde Jonas Gahr Støre først sendt ei melding til Trump. Jonas Gahr Støre (Ap) stadfestar meldinga overfor VG:

– Dette er ei melding eg fekk i går ettermiddag frå president Trump. Den kom som eit svar på ei kort melding til president Trump frå meg tidlegare på dagen, på vegner av meg sjølv og Finlands president Alexander Stubb, seier han.

I meldinga tidlegare på dagen bad Støre og Stubb den amerikanske presidenten om ein samtale.

Dette svara Trump:

«Kjære Jonas: Sidan landet ditt bestemde seg for ikkje å gi meg Nobels fredspris for å ha stoppa 8 krigar PLUSS, kjenner eg ikkje lenger ei forplikting til å tenkja utelukkande på fred, sjølv om den alltid vil vera dominerande, men kan no tenkja på kva som er godt og rett for USA. Danmark kan ikkje verna dette landet mot Russland eller Kina, og kvifor har dei uansett ein «eigarrett»? Det finst ikkje skriftlege dokument, det er berre at ein båt landa der for hundrevis av år sidan, men me hadde også båtar som landa der. Eg har gjort meir for NATO enn nokon annan person sidan grunnlegginga, og no bør NATO gjera noko for USA. Verda er ikkje trygg med mindre me har fullstendig og total kontroll over Grønland. Takk! President DJT»

Truar med straffetoll

Trump har sagt at USA kan innføra straffetoll mot Noreg og fleire andre europeiske land. Straffetoll betyr ekstra skatt på varer som blir sende til USA. Dette kan skje dersom landa ikkje går med på at USA får kjøpa Grønland, skriv NRK.

– Noregs standpunkt om Grønland ligg fast. Grønland er ein del av Kongeriket Danmark, og Noreg støttar Kongeriket Danmark fullt og heilt i denne saka, seier Gahr Støre til VG.

– Me støttar også at Nato på ein ansvarleg måte styrkjer arbeidet for tryggleik og stabilitet i Arktis. Når det gjeld Nobels fredspris har eg fleire gonger tydeleg forklart til Trump det som er velkjent, nemleg at det er ein uavhengig nobelkomité, og ikkje den norske regjeringa, som deler ut prisen, legg han til.

Kongressen må godkjenne

– Ein amerikansk president kan ikkje bruka militær makt utan at Kongressen har godkjent det, seier jusprofessor Sofie Høgestøl til NRK.

Høgestøl viser til at amerikanske presidentar tidlegare har gjennomført spesialoperasjonar utan tydeleg godkjenning frå Kongressen.

– Men å ta kontroll over eit territorium militært, slik Trump no snakkar om, er juridisk noko heilt anna og langt meir alvorleg.

Den største øya i verda har i dag sjølvstyre, men er til liks med Færøyane ein del av Kongeriket Danmark. Leiarane i både Danmark og Grønland har understreka at Grønland ikkje er til sals, og Grønland ønskjer ikkje å bli ein del av USA.

Dette har fleire Nato-allierte sagt at dei støttar.