Mindre plast i havet med nye reglar

Plast frå fiskeutstyr er eit stort problem langs norske strender. No kjem det nye reglar som skal gjera havet og naturen reinare.

Frå januar i år må selskap som lagar fiskeutstyr, som garn og tau, sørgja for å samla inn meir av avfallet sitt. Målet er at plasten skal bli brukt på nytt, i staden for å hamna i havet eller i naturen. Produsentane må også betala for at avfallet blir teke hand om.

I dag kjem heile 46 prosent av plastavfallet på norske strender frå fiskeutstyr, og det meste av dette stammar frå Noreg.

– Me gjer det pliktig for alle som produserer denne typen utstyr. Og viktigast av alt: At me unngår at dette hamnar på strendene våre, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen til NRK.

Han seier at dette vil kosta pengar for produsentane, men at det er nødvendig.

– Det er òg ein stor kostnad for naturen vår og for miljøet vårt i dag. All den plasten som hamnar i havet, hamnar på strendene våre. Og den kostnaden må me vera villige til å ta for å unngå det i framtida, og for å klara å rydda betre opp, seier Eriksen.