Eg vil ikkje at du skal vera så negativ, og så må du tenke på dei andre i verda. Det er viktig at du ikkje støttar slemme personar. Men det er også viktig at du ikkje er slem sjølv. Du må ikkje lyge berre for å vinne. Du er med og krigar når du støtter slemme personar. Du påstår at du skal bli pave og den som bestemmer over verda. Trur du at du blir det når verda hatar deg? Viss du er snill med andre, så blir du veldig populær. Kva er vitsen med å vera så slem?
Kvifor vil du ha Grønland? Du har eit veldig stort land. Kvifor vil du ha meir? Du gjer verda uroleg når du truar Danmark med å gå til krig mot dei. Det er ikkje kult om du trur det. Grønland er eit fint land så eg skjønar at du vil ha det, men du treng det ikkje når du har USA, og du treng absolutt ikkje å true Danmark med å gå til krig. Du vil jo ha alle land i verda. Du har eit stort land allereie.
Du har eit stort land og det er ikkje fattig. Kva meir vil du ha? Du har jo alt du treng og treng ikkje meir. Du gjer barn redde når du held på sånn.
Du øydelegg naturen og du gjer verda redd. Kan du slutte med det? Kan hende du og dei andre slemme personane endar med å øydelegge heile verda når de gjer ting som er så dårlege for miljøet.





















