I semifinalen møter Noreg mellom anna Armenia, Danmark, Ukraina, Australia og Latvia.
Totalt deltek 15 land i denne semifinalen.
Kva land som skulle møta kvarandre, vart bestemd i ei direktesend trekking på YouTube frå Wien i Austerrike, skriv NRK.
Eurovision blir arrangert for 70. gong, og finalane går av stabelen 12., 14. og 16. mai.
Totalt deltek 35 land i konkurransen. Fleire land, mellom anna Spania, Island og Irland, har valt å trekkja seg i protest mot at Israel framleis får delta.
Kven som skal representera Noreg, blir avgjort i finalen av Melodi Grand Prix på Lillehammer 28. februar.






















