6. januar er heilagtrekongarsdag

6. januar er ein merkedag som blir kalla heilagtrekongarsdag. Mange reknar dette som dagen då jula er slutt, og det er vanleg å pakka ned juletreet og julepynten denne dagen.

Namnet kjem frå ei kristen forteljing om dei vise mennene, som ofte blir kalla dei tre kongane. Dei følgde ei stjerne på himmelen for å finna Jesusbarnet.

Jula handlar først om at Jesus blir fødd på julaftan. Men i forteljinga tek det tid før dei vise mennene kjem fram. Dei er på reise i mange dagar. Ifølgje tradisjonen kjem dei fram 6. januar. Då gir dei gåver til Jesusbarnet og forstår kven han er.

Slutten på juleforteljinga

Då dei tre kongane har komme fram, er juleforteljinga ferdig fortald. Derfor har folk i lang tid sagt at jula er over på den trettande dagen.

I Noreg er trettandedag ein kyrkjedag, men ikkje ein fridag. Dagen blir også kalla trettandedagen, fordi han kjem 13 dagar etter julaftan.

Før fanst det eigne lys som vart kalla heilagtrekongarslys, med tre armar. Dei vart tende for å visa at jula var slutt.