No er Jakarta verdas største by

Ein rapport frå FN reknar no hovudstaden i Indonesia for den mest folkerike i verda.

Lenge har Tokyo, som er hovudstaden i Japan, blitt rekna som verdas største byområde. Men i ein rapport frå FN mister Tokyo førsteplassen til Jakarta, hovudstaden i Indonesia. Det melder E24.

FN har nemleg begynt å rekne folketalet i hovudstadar på ein ny måte. No ser dei ikkje berre på bygrensa, men også på bydelar og småbyar utanfor grensene.

Verdas største byområde er derfor Jakarta i Indonesia, med nesten 42 millionar menneske.

På andreplass kjem Dhaka i Bangladesh med rundt 40 millionar menneske. På tredjeplass kjem Tokyo i Japan med rundt 33 millionar menneske.