Sjå bilda frå hanukka-feiringa over heile verda

Den jødiske høgtida har blitt markert i fleire land denne veka.

Jødar over heile verda feirar i år hanukka frå 14. til 22. desember.

Hanukka er ein jødisk lysfest som varer i åtte dagar. Kvar dag tenner jødar lys til minne om då tempelet i Jerusalem blei tatt i bruk på nytt i år 164 før vår tidsrekning.

KØBENHAVN, DANMARK: I nabolandet vårt blei høgtida markert med dans tysdag 16. desember. Foto: Sebastian Elias Uth/Ritzau Scanpix via AP/NTB
LONDON, STORBRITANNIA: På Trafalgar Square har ein jødisk lampe, kalla menora, lyst opp denne veka. Foto: AP Photo/Kin Cheung/NTB
HAIFA, ISRAEL: Ein ultraortodoks familie tenner lys torsdag 18. desember. Foto: AP Photo/Ariel Schalit/NTB
VERMONT, USA: Barna i Vermont fekk donuts og feira ute i snøen. Foto: Kristopher Radder/The Brattleboro Reformer via AP/NTB
VILNIUS, LITAUEN: Nokre artistar opptrer med fyrverkeri under ei hanukka-feiring. Foto: AP Photo/Mindaugas Kulbis/NTB
KYIV, UKRAINA: Ein menora var tent i sentrum av Kyiv. Foto: AP Photo/Efrem Lukatsky/NTB
WASHINGTON, USA: Rabbi Levi Shemtov tenner lys utanfor Det kvite huset 14. desember. Foto: AP Photo/Jose Luis Magana/NTB