LUKE 20: Lag appelsinjulepynt

I dagens luke viser vi korleis du kan skape julestemning med tørka appelsinar.

Du treng

  • appelsinar
  • ei snor
  • ei nål
  • ein kniv
  • bakepapir og steikebrett
  • kjøkkenpapir
  • om lag fire timar

Slik gjer du

1. Set omnen på varmluft 100 grader.

2. Vask appelsinane og skjer dei i tynne skiver.

3. Legg skivene på eit steikebrett med bakepapir.

Foto: Synne Ulltang

4. Tørk godt av dei med litt kjøkkenpapir.

5. Set steikebrettet midt i omnen og la det stå i fire timar. Ein gong i halvtimen kan det vere lurt å snu appelsinskivene. Målet er at dei skal tørke inn.

Foto: Synne Ulltang

6. Etter fire timar kan du ta ut steikebrettet og la appelsinane kjøle seg ned.

7. Fest ei snor i kvar side av appelsinskiva med ei nål. Dra snora gjennom.

Foto: Synne Ulltang

8. Heng dei i vindauget, dander på eit fat eller pynt pakkane med den velduftande julepynten.

Foto: Synne Ulltang