Haiangrep i Trøndelag

Pigghå forsynte seg av oppdrettslaks.

Oppdrettslaks lever liva sine i merdar. Ein merd er eit slags gjerde for fisken.

Fredag førre veke oppdaga Salmar Oppdrett AS at ein merd hadde blitt øydelagt, og fleire laks hadde rømt. Det skriv Fiskeridirektoratet.

Og kven står så bak angrepet? Jo, ein svolten pigghå!

Pigghåen er ein hai som lever i Noreg. Han kan bli opptil 1,2 meter og vege inntil ni kilo

Han er ikkje farleg for menneske, men oppdrettslaks bør passe seg.