Johann Sebastian Bach var ein tysk komponist som levde for over 300 år sidan. Han vert rekna som ein av dei største musikarane gjennom tidene, og skreiv mykje vakker musikk for orgel, kor og orkester.

I 1992 var Peter Wollny student ved Harvard University, der han forska på den eldste sonen til Bach. Medan han jobba i Det kongelege biblioteket i Belgia, fann han to stykke med nedskriven musikk frå 1700-talet. Dei var ikkje signerte, men noko ved musikken fanga merksemda hans. Wollny lurte på om det kunne vera musikk av Bach.
Etter mange års studiar klarte han å bevisa at stykka, kalla Chaconne in D minor BWV 1178 og Chaconne in G minor BWV 1179, verkeleg var skrivne av Bach.
Den 17. november 2025 vart stykka framførte for første gong på over 300 år i kyrkja der Bach ein gong jobba – St. Thomas Church i Leipzig. Organisten Ton Koopman spelte dei.
Øvst i saka kan du lytta til framføringa av musikken. Video: DW Classical Music / YouTube





















