Tvillingpandaene Xiao Xiao og Lei Lei blei født i Japan i 2021. I går fekk besøkande i dyrehagen deira vite at dei fire år gamle bjørnane skal sendast til Kina i slutten av januar. Det skriv nyheitsbyrået Reuters.
Eit symbol på vennskap mellom land
Kina er kjent for å bruke noko som blir kalla pandadiplomati. Diplomati handlar om forholdet mellom land. Kina har latt fleire land få låne pandaer, som for å vise at landa er venner.
Sjølv om det lenge har vore bestemt at Xiao Xiao og Lei Lei skulle tilbake til Kina, kan returen no også sjåast som eit teikn på at forholdet mellom Kina og Japan er dårleg, skriv Reuters.
Japan har hatt pandaer i dyrehage sidan 1972. Når Xiao Xiao og Lei Lei reiser til Kina i byrjinga av neste år, er det ingen pandaer att i Japan.

Lotteri i dyrehagen for å sjå pandaene ein siste gong
Den siste dagen det er mogleg å sjå tvillingbjørnane i dyrehagen, er 25. januar. Fram til då må japanarar som ønsker å ta farvel, reservere tid i dyrehagen. Dei siste dagane vil dyrehagen også halde eit lotteri for besøkande.























