Skuleavis har intervjua Panamas president og atombombe-overlevande

Ungdomsavisa.com dekte fredsprisutdelinga i år, stoppa òg kronprinsesse Mette-Marit opp.

Under Barnas fredsprisfest kom Ungdomsavisa.com for å dekkje arrangementet. Her fekk dei intervjue sjølvaste kronprinsesse Mette-Marit.

Anne Bergan-Skar (15), Karolina Maria Wojtyla (14), Jon Mathias Øvereng-Bakk (13) og Ole Erik Sander (13) kom tidleg til presseområdet, og sa seg villige til å svare på nokre spørsmål frå Framtida Junior.

Intervjua kronprinsessa

Under Nobels fredsprisveka har ulike lag dekka forskjellige arrangement. Anne, Karolina, Jon Mathias og Ole Erik var i år med og dekka Barnas fredsprisfest. Dei har òg intervjua fleire andre personar.

– Vi intervjua mora til María Corina Machado, seier Karolina.

I tillegg fekk dei prata med presidenten av Panama, Jose Raul Mulino.

Då gjestane under Barnas fredsprisfest forlét scena, fekk Ungdomsavisa prata med kronprinsesse Mette-Marit.

Kronprinsesse Mette-Marit tok seg tid til å bli intervjua av Ungdomsavisa. Foto: Vilde Standal Bøyum

Eit ulikt år

Ungdomsavisa.com er skuleavisa til Åmot ungdomsskole, der 8.–10.-klassingar får jobbe som journalistar og reporterar rundt i Noreg. Avisa har eksistert i 25 år.

– I fjor intervjua vi Hibakusha, overlevande frå atombombene i Japan, seier Anne.

Som 8.-klassingar har Ole Erik og Jon Mathias jobba i avisa i eitt år.

– Korleis er det å vere med i avisa?

– Det er spanande, seier Ole Erik.

– Det er eit ulikt år, legg Jon Mathias til.

MIDLERTIDIG KONTOR: Her sit reporterane frå Ungdomsavisa og jobbar medan dei dekker Fredsprisveka frå Oslo. Åmot ungdomsskole ligg på Rena. Foto: Geir Hjermstad